Byting - biografi

 

Byting er eit band frå Bø i Telemark, som såg dagens lys i mars 2013.

Sidan den gong har bandet opparbeida seg ei stor fanskare rundt omkring i Noregs land, og dei vinn stadig nye fans med eit usedvanleg bra live-show med sin egenkomponerte folkrock og country inspirerte musikk

Tekstane på klingande bøhæring speilar sjølopplevde hendelsar på godt og vondt, og er ein viktig del av byting sitt uttrykk

 

Byting består av:

Thomas Hellekås (vokal/gitar)

Syver Fossen (gitar/kor)

Eirik Ask (tangenter/kor)

Magnus Westgaard (bass/kor)

Geir Ormøy (trommer/kor)

 

Byting blei kontakta like etter oppstart av plateselskapet grammofon og deretter bookingselskapet artistpartner

Bandet har gjedd ut «Byting» i 2015, «Livets galleri» i 2016,og  Ep’n «Sladrehank» i 2018.

I desse dagar er bandet i gang med eit nytt album i Athletic Sound Studio i Halden.

Fyrste og andre singel vert sleppt tidlegare i 2019 og fullalbumet påfølger 04. oktober

Byting er eit populært live-band som spelar over heile Norge, og som høstar gode anmeldelsar og mykje allsang kvar hen dei ferdas.

Som ein del av stallen til Artistpartner  gjer byting festivalar og konsertar med stor hyppighet, som også har resultert i eit særdeles samspelt og trygt band på scena! Dei fortjener derfor ryktet sitt, byting: BEST live

Streamingtala viser også at byting har blitt eit kjært band for mange lyttarar her til lands.

Om navnet «Byting»

 

I gamle dagar trudde folk at om du fekk ein unge med psykiske forstyrringar eller andre sinnslidingar eller lyter så var det huldrefolket som hadde bytta ut den ekte ungen med sin eigen. Altså ein bytting, som det heiter på bokmål - eller byting som me seier i Telemark og i andre dialektar.

I dag blir uttrykket ofte bruka om ein person som kan vera noko utagerande, skruppellaus og vill.

  • Facebook - Grå Circle
  • YouTube - Grå Circle
  • Instagram - Grå Circle
  • Spotify - Grå Circle